#Energi #Hav Gassteknologi

Eit blogg-innlegg vart døropnar for å delta på bransje-møte i Houston

Første veka i oktober var eg, saman med min kollega Eskil Aursand, i Houston og presenterte vårt MAROFF-støtta KPN prosjekt «Predicting the risk of rapid phase-transition events in LNG spills» (Predict-RPT). Og det var eit blogg-innlegg som førte oss dit.

Auke kunnskap – Predict RPT

Predict-RPT handlar om å auke vår kunnskap om kva som får flytande naturgass (LNG) til å fordampe særs brått og raskt etter at det har blitt sølt på vatn. Både maritim transport av LNG og bruk av LNG som drivstoff i maritim sektor er aukande. Ein viktig årsak til den auka transporten er at Australia og Indonesia dei siste åra har auka sin eksport av naturgass, og da i form av LNG[1]. Som drivstoff på skip bidrar LNG til reduserte lokale utslepp av SOx og NOx, noko som betyr stor helsemessig gevinst for innbyggjarar i område med stor maritim trafikk [2].

LNG eksport per region, 1990 - 2016. Kjelde: 2017 World LNG report (IGU)
LNG eksport per region, 1990 – 2016. Kjelde: 2017 World LNG report (IGU)

Sikkert drivstoff

Som alle andre drivstoff må LNG behandlast riktig for at det skal vera eit sikkert drivstoff. Dersom ein lekkasje skulle oppstå vil LNG fordampe. Dette kan medføre både fortrenging av luft i lukka rom og tenning av dampskya som vert danna. I tillegg kan det, dersom LNG vert sølt på vatn, oppstå ein brå og valdsam fordamping, også kalla rask faseovergang (rapid phase transition). Dette vert karakterisert som ein kald eksplosjon, og kan forårsake skader på utstyr og personell dersom det oppstår. Det er difor ein risikofaktor ved distribusjon og bruk av LNG.

Blogg frå PhD studium

Eskil Aursand starta sitt PhD studium som ein del av Predict-RPT prosjektet i 2016. Han er for tida gjesteforskar hjå Northwestern University (USA) med stipend frå Fulbright. I fjor skreiv han eit blogg-innlegg om forskinga si som også fann vegen til Gemini. Organisasjonen SIGTTO (The Society of International Gas Tanker and Terminal Operators) fatta interesse for innlegget og tok kontakt.

Basert på dette vart vi invitert til Houston for å delta på deira årlege konferanse som gjekk av stabelen førre veke. Det var interessante dagar, og vårt innlegg om rask faseovergang ved søl av LNG på vatn vart godt motteke. For meg var det særskild interessant å sjå korleis reiarlag og operatørar av LNG terminalar i SIGTTO arbeider saman om å oppretthalde og styrke effektivitet og sikkerheit i den maritime LNG bransjen.

SIGTTOs årlige møte samla om lag 140 representantar frå reiarlag og LNG terminal eigarar i Houston
SIGTTOs årlige møte samla om lag 140 representantar frå reiarlag og LNG terminal eigarar i Houston

[1] IGU 2017 World LNG Report kan lastes ned her: https://www.igu.org/publications-page

[2] https://www.theguardian.com/environment/2009/mar/31/noaa-pollution-florida-freighters-tankers-cruise-ships

0 kommentarer på “Eit blogg-innlegg vart døropnar for å delta på bransje-møte i Houston

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *