#Energi Elkraftkomponenter

Bildeblogg: Dagen vi flytta 400 kV

Krana i EFI-Hallen i Elektroblokk F på Gløshaugen er frå 1958 og det er ikkje lenger mogeleg å oppdrive reservedelar og utføre vedlikehald på den. Krana er derfor ikkje lenger godkjent for bruk og må skiftast ut.

Den gamle krana har kapasitet på 10 tonn og etter nøye vurdering av løftebehova i hallen konkluderte vi med at 3.2 tonn er tilstrekkeleg kapasitet for den nye krana

Transformator i to deler

I hallen har vi ein gammal, men god transformator på 800 kV. Den består av to like 400 kV transformatorar stabla oppå kvarandre. Dei siste åra har kun den ein delen vore i bruk og det har vore skissert idear om å flytte eine halvdelen til SINTEF Energy Lab. Kvar av halvdelane er ca 10 tonn, det vil dermed ikkje vere mogeleg å demontere og dele transformatoren med den nye krana då den nye krana ikkje vil ha stor nok kapasitet til dette løftet. Det vart derfor bestemt å bruke den gamle krana til eit siste løft og dele transformatoren og flytte den eine halvdelen til SINTEF Energy Lab.

En halv transformator til SINTEF Energy Lab

Den eine halvdelen av transformatoren blir ståande igjen i EFI-Hallen, medan den andre er flytta til lageret på SINTEF Energy Lab. Når behovet melder seg vil den bli flytta inn i høgspenningshallen.

Etter lang tids planlegging og førebuingar vart transformatoren delt og flytta frå Gløshaugen til Blaklia onsdag 18. oktober 2017. Til å hjelpe oss hadde vi bistand frå Prøven Spesialtransport, Kone Cranes, Trondheim Stål og Roar Wilhelmsen Kranservice.

Den etterfølgjande bildeseien viser litt av operasjonen og utfordringane vi møtte på vegen.

Løfteåket, som måtte spesialbyggast, blir løfta på plass og montert på tysdag ettermiddag.
Løfteåket, som måtte spesialbyggast, blir løfta på plass og montert på tysdag ettermiddag.

Endeleg på onsdag morgon vart øverste trinnet løfta opp og frigjort frå det nederste trinnet.
Endeleg på onsdag morgon vart øverste trinnet løfta opp og frigjort frå det nederste trinnet.

Transformatoren på veg mot den spesialbygde transportkrybba.
Transformatoren på veg mot den spesialbygde transportkrybba.

Utpå ettermiddagen var transformatoren på veg mot porten i EFI-Hallen, der første utfordringa dukka opp… dørstokken. Ved hjelp av hydrauliske jekkar vart transporthjula flytta litt tilbake og transformatoren flytta litt nærmare dørstokken før den vart jekka opp på nytt og hjula flytta fram igjen. Etter ein del fram og tilbake var dørstokken overvunnen.

Ventilasjonsrøra var såpass fleksibelt opphengt så dei kunne skyvast 10 – 15 cm til side og transformatoren glei forbi.
Ventilasjonsrøra var såpass fleksibelt opphengt så dei kunne skyvast 10 – 15 cm til side og transformatoren glei forbi.

Ventilasjonsrøra endeleg passert.
Ventilasjonsrøra endeleg passert.

Tauing og svinging rundt siste hjørnet på veg ut.
Tauing og svinging rundt siste hjørnet på veg ut.

Snart ute, men vi kunne fokusere på neste utfordring.
Snart ute, men vi kunne fokusere på neste utfordring.

Ein parkert lift som sperra for tilkomsten til både lastebilen som skulle frakte transformatoren og mobilkrana som skulle løfte transformatoren på bilen.
Ein parkert lift som sperra for tilkomsten til både lastebilen som skulle frakte transformatoren og mobilkrana som skulle løfte transformatoren på bilen.

Etter at liften var ute av vegen kunne 56 tonn med mobilkran få lurt seg på plass mellom EFI-bygget og elektrobygget. 5 akslingar og sving på 4 av dei var nyttig for å få plassert krana slik at den kunne operere i det tronge rommet mellom bygga.

Transoformatoren blir løfta på lastebilen.
Transoformatoren blir løfta på lastebilen.

Og plassert på vogna.
Og plassert på vogna.

Klokka har passert 23 og både kranbil og lastebil med transformatoren er på plass utanfor kaldtlageret til SINTEF Energy Lab
Klokka har passert 23 og både kranbil og lastebil med transformatoren er på plass utanfor kaldtlageret til SINTEF Energy Lab.

Det er litt motbakke inn til kaldtlageret, men takka vere den nye dieseltrucken gikk det greitt å taue transformatoren inn i kaldlageret.
Det er litt motbakke inn til kaldtlageret, men takka vere den nye dieseltrucken gikk det greitt å taue transformatoren inn i kaldlageret.

Ca kl 0100 var transformatoren endeleg parket i hjørnet på kaldtlageret, i påvente av at behovet skal melde seg og vi kan flytte den inn i høgspenningshallen.
Ca kl 0100 var transformatoren endeleg parket i hjørnet på kaldtlageret, i påvente av at behovet skal melde seg og vi kan flytte den inn i høgspenningshallen.

0 kommentarer på “Bildeblogg: Dagen vi flytta 400 kV

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *