Gå til hovedinnhold

SINTEF-blogg Gå til forsiden

  • Energi
  • Hav
  • Digital
  • Helse
  • Industri
  • Klima og miljø
  • Bygg
  • Samfunn
  • EN
  • NO
Energi

Demonstrasjon av enklare prekvalifisering av FCR

forfatter
Sigurd Hofsmo Jakobsen
Forsker
Publisert: 17. nov 2026 | Sist redigert: 17. nov 2026
5 min. lesing
Kommentarer (0)

Med meir vindkraft og solkraft i systemet er det vorte vanskelegare å kontrollera frekvensen. Desse produserer i takt med veret og ein vil produsera mest mogleg for å ikkje «sløsa» vind eller sol. På grunn av dette deltek ikkje desse kraftverka i FCR-marknaden. I tillegg er dei typisk kopla til systemet ved hjelp av kraftelektronikk, noko som gjer at dei ikkje bidreg med tråleik, slik som synkrongeneratorane gjer. Vindkraftverk kan i prinsippet koplast til nettet utan omformarar, men det ville gitt dårlegare verkningsgrad. I sum fører vind og sol til at det i fleire timar er mindre tråleik i systemet og færre kraftverk som bidreg med frekvenskontroll. 

Korleis kraftverk responderer på endring i frekvens er avhengig av korleis kontrollsystemet er stilt inn og geometrien i vassvegane. Dessutan har vasskraftverk den kinkige eigenskapen at om ein prøver å endra effekten hurtig i ein retning, så vil kraftverket fyrst respondera i motsett retning. Med andre ord så risikerer ein å gjera vondt verre om ein prøver å endra produksjonen frå vasskraftverk hurtig. Eksempel på ulik respons og respons i feil retning er vist i figur 1. Tradisjonelt sett har difor vasskraftverk vore stilt inn slik at dei responderer langsamt og er stabile i isolert nett (eit nett med berre eit vasskraftverk). Denne måten å drifta vasskraftverk på vil vera for langsam for å halda frekvensen innanfor bandet <49.9 Hz, 50. 1 Hz>. Dei nordiske systemansvarlege har difor kome med nye krav til levering av FCR. Desse inneber at kraftverka må klare ein serie testar. 

Figur 1: Til venstre vasskraftverk med ein gjeven geometri. Til høgre responsen til ulike vasskraftverk til den same frekvensendringa. 

Desse testane inneber ei grundig kartlegging av eit kraftverk sin respons til frekvensendringar. Testane kan ta 3-4 dagar å gjennomføra, særleg om det krevst litt prøving å feiling for å fina dei rette innstillingane. Dette legg beslag på høgt kvalifisert personell over ein lengre tidsperiode i tillegg til at kraftverket må operera utanfor sitt optimale driftspunkt med tanke på inntening. Det er både i Statnett og produsentane si interesse å få prekvalifisert flest mogleg anlegg til å levera FCR. Prosjektet Freki vart difor starta for å undersøkja metodar for å korte ned tida som vert brukt på anlegg for å prekvalifisera kraftverk. 

Idéen bak Freki er at ein i staden for å køyra mange testar for ulike driftspunkt, så kan ein køyra ein test per driftspunkt, eventuelt bruka data frå normal drift, for å laga ein modell. Denne modellen kan deretter brukast til å finna rette regulatorparametarar og sjekka om kraftverket klarer krava. Dette er illustrert i figur 2.  

Figur 2: Illustrasjon av kor lang tid det kan ta å køyra testane. Dette er ein illustrasjon og faktisk køyretider vil variera. 

For å nå dette målet har prosjektet utvikla tri innovasjonar. 

  • Datadriven modellering. 
  • Forslag til regulatorparametarar. 
  • Fysikkbasert modellering 

Figur 3: Oversikt over innovajonar 

Den datadrivne modelleringa tek utgangspunkt i ein testsekvens for kraftverket. Ein kan gjerne bruka testar frå då kraftverket vart sett i drift. Basert på denne dataen vert det konstruert ein matematisk modell av kraftverket. Denne modellen kan brukast til å sjekka om kraftverket klarer krava. I tillegg kan den brukast saman med innovasjonen som foreslår regulatorparametarar. På denne måten kan ein raskt få testa om eit kraftverk vil klara krava. Ein kan også raskt finne ut korleis ein bør stilla inn kontrollsystemet for å klara krava ved bruk av innovasjonen for regulatorparametarar. 

Figur 4: Eksempel på del av notatbok for identifisering. 

Innovasjonen for regulatorparametarar tek inn ein lineær-modell, som er det som ein får frå den datadrivne metoden. Denne brukast til å finna settet med regulatorparametarar som vil klara alle krava. Metoden gjer også ut eit mål på kor aggressivt kraftverket vil oppføra seg med dei ulike parametarane. Dette for å gje ein indikasjon på kor mykje slitasje ein vil få på krafverket på grunn av frekvenskontrollen. Verktøyet let ein også legga til modellusikkerheit for å kompensera for at ein ikkje får perfekte modellar frå den datadrivne metoden og for å kompensera for at kraftverket faktisk er ulineært. Dette gjer at ein kan velja parametarar som ein er ganske så sikker på at vil klara krava. 

Figur 5: Eksempel på notatbok for regulatortuning. 

Sidan kraftverk er ulineære kan det vera lurt å sjekka at parametarane foreslått av metoden som bruker lineære modellar ikkje vil føra til noko trøbbel. Dette vert ofte gjort ved hjelp av ulineære simuleringsmodellar. Me har i prosjektet teke utgangspunkt i to opne Modelica bibliotek OpenHPL og OpenIPSL og laga funksjonalitet som er nyttig for testing av FCR som funkar med desse biblioteka. Dette let ein sjekka at dei foreslåtte regulatorinnstillingane funkar fint med ein realistisk modell. Det er også mogleg å linearisera modellen, som vert laga med dette verktøyet. Denne linareiserte modellen kan også brukast med metoden for å finna regulatorinnstillingar. 

Resten av prosjektet vil verta brukt til å validera metodane på fleire kraftverk, dokumentera det som er vorte gjort og å læra opp industrien i korleis metodane kan brukast. 

Kommentarer

Ingen kommentarer enda. Vær den første til å kommentere!

Legg igjen en kommentar Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Mer om Energi

SINTEF Research Scientist Øyvind Langørgen at the Tiller CLC lab.

Etterbrenneren som gjør bioenergi karbonnegativ

Øyvind Langørgen
Øyvind Langørgen

Hvor mye energi kan vi egentlig gjenvinne fra smelteverkene våre?

Author Image
Author Image
2 forfattere
Nepal,Sep 7,2026:​Raging Waters Destroy Bridge In Nepal Amid Severe Flooding

Kathmandu University, NTNU, og SINTEF i møte med Nepals flomkatastrofe

Author Image
Author Image
2 forfattere

Teknologi for et bedre samfunn

  • Om denne bloggen
  • Slik skriver du en forskningsblogg
  • Meld deg på nyhetsbrev
  • Podcast: Smart forklart
  • Forskningsnytt: Gemini.no
  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
Gå til SINTEF.no
SINTEF logo
© 2026 Stiftelsen SINTEF
Redaktører Personvern i SINTEF Pressekontakter Nettside av Headspin