Krana i EFI-Hallen i Elektroblokk F på Gløshaugen er frå 1958 og det er ikkje lenger mogeleg å oppdrive reservedelar og utføre vedlikehald på den. Krana er derfor ikkje lenger godkjent for bruk og må skiftast ut.
Den gamle krana har kapasitet på 10 tonn og etter nøye vurdering av løftebehova i hallen konkluderte vi med at 3.2 tonn er tilstrekkeleg kapasitet for den nye krana
Transformator i to deler
I hallen har vi ein gammal, men god transformator på 800 kV. Den består av to like 400 kV transformatorar stabla oppå kvarandre. Dei siste åra har kun den ein delen vore i bruk og det har vore skissert idear om å flytte eine halvdelen til SINTEF Energy Lab. Kvar av halvdelane er ca 10 tonn, det vil dermed ikkje vere mogeleg å demontere og dele transformatoren med den nye krana då den nye krana ikkje vil ha stor nok kapasitet til dette løftet. Det vart derfor bestemt å bruke den gamle krana til eit siste løft og dele transformatoren og flytte den eine halvdelen til SINTEF Energy Lab.
En halv transformator til SINTEF Energy Lab
Den eine halvdelen av transformatoren blir ståande igjen i EFI-Hallen, medan den andre er flytta til lageret på SINTEF Energy Lab. Når behovet melder seg vil den bli flytta inn i høgspenningshallen.
Etter lang tids planlegging og førebuingar vart transformatoren delt og flytta frå Gløshaugen til Blaklia onsdag 18. oktober 2017. Til å hjelpe oss hadde vi bistand frå Prøven Spesialtransport, Kone Cranes, Trondheim Stål og Roar Wilhelmsen Kranservice.
Den etterfølgjande bildeseien viser litt av operasjonen og utfordringane vi møtte på vegen.
0 kommentarer på “Bildeblogg: Dagen vi flytta 400 kV”
0 kommentarer på “Bildeblogg: Dagen vi flytta 400 kV”