#Digital #Energi #Industri

Når oljebransjen lar seg rive med

Teknologi kan av og til utvikle seg som eit snøskred. For om lag femten år sidan hadde fleire oljeplattformer i Nordsjøen fått breibandsforbindelse til land via fiberkabel.

Men kva skulle breibandet brukast til?

På land var videokonferansar på storskjerm blitt vanleg i kontorlandskapet. Plutseleg kunne ein no sitte «saman» med kollegaene ute i Nordsjøen også. Før hadde geologar og andre ekspertar blitt flydd ut til plattformene. No kunne enn like gjerne sitte på Stjørdal eller i Houston og diskutere dei same skjermbilda som medarbeidarar i Nordsjøen hadde framfor seg.

Snart gjekk ein over frå møterom til operasjonsrom på land. Kollegar var kontinuerleg oppkopla mot operasjonen i Nordsjøen og med tilgang til alt frå sanntids trykkmålingar i brønnen til videolink frå ubemanna ROV-er i sjøen.

Fiberkabelen gjorde at færre trengte vere offshore for å bidra. Dette sette fart i utrullinga av sensorar på plattformene, som gjorde det enklare for mannskapet på land å få tak i informasjonen dei trengte.

Nye teknologiar og arbeidsformer forsterka kvarandre. Når du satt på land med alle data tilgjengeleg, var det lett å kople til ein PC for å prøve ut trenings og støtteverktøy. Verktøya var gjerne inspirert av datidas flysimulatorar eller hanke inn kapasitet på tungregnemaskiner.

Det som starta med ein fiberkabel vart til eit skred av nye teknologiar og nye måter å arbeide på. Det ga oss treningssimulatorar som i dag gjer bore-teamet topptrent på brønnen dei skal bore før dei dreg frå land. Integrerte operasjonene endra korleis selskapa samarbeida og det ga oss plattformer som Valemon, som styres frå land utan eit menneske om bord.

No er eit nytt skred på gang

Skredfaren har blitt behørig annonsert, med «buzzwords» som digitalisering, automatisering, kunstig intelligens, big data og skytjenester. Men så står ein der, slik dei kanskje gjorde med fiberkabelen i handa for tjue år sidan og lurer: Kva no?

Industrien har nokon av svara, vi har andre, på SINTEF Petroleum Conference den 20. – 21. mars 2018 håper vi at vi ser kvar teknologi-skredet skal ta vegen.

No kjem det løysingar som ikkje lenger er «buzzwords» men handfaste ting, som allereie er i bruk eller rett rundt hjørnet. Og framfor oss i løypa ligg det ubrukte moglegheitene. Sjansen til å spele på lag med den kunstige intelligensen, forstå det som skjer nedi oljebrønnen og skape nye nisjer i oljeindustrien. Det er eit skred det er verdt å la seg rive med av.

0 kommentarer på “Når oljebransjen lar seg rive med

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *