#Energi Energieffektivisering

Eg fekk to veker til å gjere eit meieri meir energieffektivt… Fyrste spin-off-prosjekt frå HighEFF har starta!

I HighEFF-prosjektet har industrien vore veldig ivrig på at deira casestudium, om deira anlegg, skal fullførast så fort som råd, og resultat leverast helst i dag. Kva anna kan ein stakkars forskar gjere enn å lyde?

Finne ei ny, meir energieffektiv løysing for meieriet på to veker

Eg fekk to veker til å vurdere fleire ulike løysingar for energisystemet til eit nytt meieri i Bergen. Det skal erstatte dagens gamle, som er for lite, og vere mykje meir effektivt for å nå TINEs ambisiøse klimamål (og tidskrav, tenkte eg).

For å finne ei så effektiv løysing som råd, rekna eg på og samanlikna sju ulike energisystem; dagens standardløysing og seks meir innovative.

Utrekningane gav lovande resultat for bruk av høgtemperatur varmepumpe.

Viktigast for behovsreduksjon var:

  • Integrasjon av varme- og kjølebehov
  • Store energilager
  • Bruk av høgtemperatur varmepumpe
Det planlagte meieriet i Bergen
Slik vil det nye meieriet i Bergen sjå ut, med høgare kapasitet og høg effektivitet…

Bruk av eit særs effektivt kjølesystem bidrog òg til å gjere utrekna behov låge, men dette vart ikkje valt grunna høgare kostnader. Forventa behovsreduksjon er difor noko lågare men utrekna, men vil vere i same storleiksorden.

Alle løysingane innebar effektiv, direkte kjøling med CO2, indirekte for prosesskjøling, energilager og to ulike typar høgtemperatur varmepumpe. Skilnaden mellom løysingane var val av direkte/indirekte varmeoverføring, temperaturnivå og type varmepumpe.

Valt løysing er ein av dei med lågast behov som er mest teknologisk moden.

Energisystemet skal ha fjernvarme som reserveløysing og levere varme og kulde på tre ulike temperaturnivå.

Iver er bra!

HighEFFs fokus er forsking som kjem alle partnarane til gode, heller enn konsulentarbeid for ein partner, og alle resultata kan, sjølvsagt(!), ikkje leverast i år, i dag. Likevel, den sterke iveren etter å starte bygginga av meir miljøvenlege løysingar (no!) og dei låge utrekna behova er opplagt godt nytt.

At industrien pressar oss forskarar har i år resultert i tre Enova-søknader om finansiering og bygging av energieffektive løysingar. Dette prosjektet har no fått stønad og skal byggjast dei to neste åra. Drift startar i slutten av 2019.


Dette prosjektet er ein del av HighEFF RA6 Case studies

MÅL
Oppnå målbare resultat frå implementering av HighEFF-teknologiar i dei ulike industrisektorane

Delmål

  • Utvikle teknologikonsept som kan føre til 20-30% reduksjon i spesifikk energibruk og minst 10% i CO2-utslepp for kvart case gjennom å implementere teknologi og løysingar
  • Betre energieffektivitet og energiverknadsgrad i industrianlegg
  • Fremme HighEFF-innovasjonar gjennom målretta utvikling av nye konsept basert på case-industripartnaranes behov

Les meir om HighEFF 


 

0 comments on “Eg fekk to veker til å gjere eit meieri meir energieffektivt… Fyrste spin-off-prosjekt frå HighEFF har starta!

Legg inn en kommentar