Ung i SINTEF (UiS) Energi har vore på nye eventyr i Trondheim.
3. mars var vi på besøk på det Statkraft-eide kraftverket Leirfossene kraftverk. 12 deltakarar deltok på omvising med påfølgjande middag på Lyche.
Deltakarane fekk sjå innsida av eit moderne vasskraftverk som vart ferdigstilt i 2008 og er på 45 MW. Kraftverket er eit av 3 kraftverk i Nidelva med felles inntaksdam med Øvre Leirfossane kraftverk.
Detaljinteresse
Første del var generell informasjon om kraftverket og korleis det vart bygd. Deltakarane vart imponerte over dei store dimensjonane på eit forholdsvis lite kraftverk og kor mykje arbeid det er å få satt eit kraftverk i drift.
Interessa for detaljar var stor og kvar minste del av kraftverket skulle inspiserast. På bildet under blir akslingen mellom turbin og generator sett nærmare på.
Kjekt i felten
Som teoretikarar innan ulike energiformer var det kjekt å komme ut i felten og sjå korleis den elektriske energien blir skapt.
Etter omvisinga rulla vi tilbake til sentrum og åt middag på Lyche. Før middagen vart det også litt trim når dei forholdsvis lange og bratte tilkomsttunnelane skulle forserast.
Ung i SINTEF Energi
UiS Energi er ei gruppe for nyansatte og unge ansette i SINTEF Energi. Gruppa skal bygge fagleg og sosialt nettverk på tvers av institutt, avdelingar og faglag.
Kvart år arrangerer UiS Energi 8-10 aktivitetar. 4 aktivitetar er sosiale aktivitetar (t.d. matkurs, båttur, volleyball, grilling, escape room, sopptur og julebord) og 4-6 middagskollokvium (faglig presentasjon med middag). I tillegg blir det arrangert 4 aktivitetar for alle UiS-grupper i SINTEF-konsernet (t.d. Åre-tur, tur til Jotunheimen og julegraut med kreativ pepperkakehusbygging).
Takk til Statkraft for omvising.
Kommentarer
Ingen kommentarer enda. Vær den første til å kommentere!