#Hav

Kan «refreshed» fiskeprodukt erstatta ferske?

«Refreshed» produkt har for lengst gjort sitt inntog i den norske daglegvarehandelen. Både i Noreg og ellers i Europa. Kvitfiskprodukt som har vore frosne, lagra og tinte, vert selde som «refreshed» produkt til forbrukarar. Men, lat oss kalla ein spade for ein spade – «refreshed» er nok for dei fleste best kjent som tint fisk. Dette gjev fleire fordelar knytt til å gjera produktet haldbart, svinn og økonomi. Det er også ein god strategi for å kunna tilby marknaden stabile leveransar gjennom heile året. Men, kvifor er tinte produkt viktige for norsk fiskerinæring? Og kan dei erstatta ferske produkt?

Tinte produkt erstattar i større grad ferske produkt i daglegvarebutikkane

Norske foredlingsbedrifter er lokaliserte nær dei store fangst- og gytefelta langs kysten. Tradisjonelt er det denne nærleiken til råvara som har gjeve Noreg eit stort fortrinn i marknaden. Men, auka konkurranse frå lågkostland har gjort at store delar av prosesseringa per i dag vert gjennomført i utlandet. Som eit svar på dette har ein i Noreg fokusert på å tilby marknaden ein større del av ferske høg-kvalitetsprodukt, som til dømes ryggfilet. Men, det er endringar på gang. Dei siste åra har ein sett at tinte produkt av spesielt torsk, i større grad erstattar ferske produkt i daglegvarebutikkane.

Men kvifor er det ynskjeleg å tilby ein større del av tinte produkt? Dette kjem naturlegvis av at fisket etter kommersielle artar som torsk er sesongbasert. Det meste vert landa i løpet av årets fyrste månader i perioden januar til april. Kor viktig torskefisket er, vert understreka ytterlegare ved at det er få andre konkurrerande fiskeri i denne perioden. Sesongvariasjonane er problematiske for ferskfiskindustrien som er avhengig av jamn produksjon. Dette byr på problem når marknaden ynskjer stabile leveransar, slik at forbrukaren får tilgang på torsk heile året. Ei løysing på dette problemet er å frysa torsk i høgsesongen for deretter å tina og selja tint fisk utanfor sesongen. Andre løysingar vil vera levandelagring, fangstbasert akvakultur og torskeoppdrett. Sjølv om desse løysingane er svært interessante, så har dei utfordringar per i dag med at dei er lite utbreidde, og dei til dels møter problem med å dekkja etterspurnaden utanom sesongen.

Fisk, både fersk og tint, gjennomgår siste finpuss ved filetlinja før dei pakkast og sendast ut til markanden.

Aksepterer tinte produkt i periodar med liten tilgang på fersk fisk

Tinte produkt er eit segment med vesentleg vekst, derimot. Dette gjeld ikkje berre her i Noreg, men også fleire andre europeiske marknader. Dette kjem av at kjøparane, i større grad enn før, aksepterer tinte produkt i periodar med liten tilgang på fersk fisk. Gjennom omsetjing av tinte produkt-konsept kan bedriftene oppnå lågare distribusjonskostnader, meir stabile leveransar, jamn og høg kvalitet og moglegheit for merkevarebygging. Ved produksjon av tinte produkt får ein sjanse for å tina nær utsalsstaden og levera kort tid etter bestilling. Dette bidreg også til mindre svinn, noko som i tillegg til å vera ein mer berekraftig produksjon gjev grunnlag for betre lønsemd.

I dag er slike tinte produkt kjende for å vera av høg kvalitet. Og skal ein satsa ytterlegare på slik produksjon i framtida, er det avgjerande at den beste teknologien og produksjonskonsepta vert nytta. Dei som bur langs kysten, har i mykje større grad enn resten av landet tilgang til fersk fisk gjennom året. Er ein heldig kan ein også fiska sjølv, og om ein ikke klarer å eta opp fisken, kan ein velja å lagra høgkvalitetsprodukt i fryseboksen. Fersk sjølvfangsta fisk eller fisk som ein kjøper direkte frå fiskaren, har sjølvsagt den ideelle kvaliteten så lenge den har blitt optimalt behandla. Men, med utgangspunkt i råstoff av høg kvalitet og god kunnskap om innfrysing, lagring og tining kan ein også produsera tinte produkt av høg kvalitet også utanom høgsesongen.

Eit veldig godt alternativ

Tinte produkt gjev så mange fordelar at norsk industri er nøydd til å tilpassa seg. Stadig fleire fiskeindustribedrifter har utvikla, eller held på å utvikla, tinte produkt frå kvitfisk. Personleg meiner eg at desse aldri vil kunna erstatta fersk torsk. Men, det er eit veldig godt alternativ for å auka tilgangen til fisk med god og høg kvalitet i heile landet året rundt. Tinte produkt gjev mykje av den stabiliteten og dei føreseielege forholda som er vanskeleg å få til med fersk fisk. Og eg trur at dette produksjonskonseptet kjem til å bli viktigare for norsk fiskeindustri i åra som kjem.

0 kommentarer på “Kan «refreshed» fiskeprodukt erstatta ferske?

Legg inn en kommentar