#Energi Vannkraft

Nye metodar for driftsplanlegging av vasskraft

SINTEF, NTNU og Norden sine største kraftselskap jobbar kontinuerleg med betre optimering av drift, planlegging og analyse av vasskraftverk.

Vasskraftverka, som har vært og er ein svært viktig faktor for Noregs høge velstand og levestandard, har vore i drift i lang tid. Mange av dei er bygd i første halvdel av 1900-tallet. Desse kraftverka og nyare kraftverk må nå ha store investeringar til oppgradering, vedlikehald og utbygging for å møte dagens og det framtidig kraftsystemet og klima.

Omvising i Hydro sin kraftstasjon Suldal II var spennande og lærerikt. Foto: Arild Lote Hende

Slike investeringar rører mange, om ikkje alle, av våre forskingspartnarar innan vasskraft, og det blir investert for milliardar av kroner.

Vasskraftverk har ein unik moglegheit til å bidra

Blant anna oppgraderar og vedlikehald Hydro damkonstruksjonar i Røldal/Suldal vassdraget for å møte det framtidige vêret og klima. Eit vêr med mykje meir ekstreme hendingar. Tilsvarande investerar Lyse store summar i Lysebotn for å tilpasse seg kraftsystemet, eit kraftsystem med større variasjon i effekt og energitilgang, pga. ein aukande del fornybar energi (sol, vind, m.m.), som må balanserast på kort og lang sikt. Vasskraftverk har ein unik moglegheit til å bidra på mange av utfordringane dette gjer.

Gode investeringar vil være avgjerande for framtidige generasjonar

Investeringane i kraftsystemet kjem til å bli avgjerande for den framtidige levestandarden og velferda som finst i det norske samfunnet. Gode investeringar som blir tatt i dag og i nærmaste framtid, vil føre til eit sikkert, politisk og velfungerande kraftsystem for oss og framtidige generasjonar.

Det store spørsmålet for investeringane er framtidig inntekt. Dagens og dei siste åras låge spottprisar, og stadig innføring av strengare regulering og miljøkrav, har gått som ein kald vind gjennom den norske kraftbransjen. Der finst fortsett håp og moglegheiter, fordi kraftmarkeda er i sterk utvikling og kjem mest sannsynleg til å fortsette å utvikle seg framover.

Blåsjø glitra i sola, og Noreg sitt energilager er, som det bør vere, fylt opp før vinteren. Foto: Arild Lote Henden

SINTEF har i den samanheng leda eit stort forskingsprosjekt for å møte desse nye moglegheitene og utfordringane.

Prosjektet har jobba med å utvikle og skape nye metodar for raskare og betre kunne analysere og optimere drift, planlegge vannverdiar og kalkulere framtidig inntekt for enkelt vassdrag.

Metoden skal og kan utnytte betre den informasjonen vi har tilgjengeleg og tar omsyn til ulineære samanhengar som fallhøgde og produksjonskurver, startkostnadar, maks endring av vassføring, maks endring av magasin og inntekt frå både energi- og kapasitetsmarked.

Våre metodar presentert

Metodane vart førre uke presentert av SINTEF og NTNU til Statkraft, Agder, Vattenfall, Hydro, E-CO, Trønder Energi og Skagerak i den vakre vestlandsbygda Nesflaten. Vi vart tatt godt i mot av eit fantastisk vêr (som vi også hadde i Lysebotn året før) og hyggelege folk hos Hydro. Det var eit møte over to dagar, med presentasjonar tidleg på dagen og omvising på slutten av dagen.

Det er store dimensjonar for å holde vatnet tilbake. Bilde er frå Norge sin største steinfyllingsdam Storvassdammen ved Blåsjø. Foto: Arild Lote Henden

Første omvising var eit besøk til Statkraft og Ulla-Førre. Der fekk vi omvising på Blåsjø (Norges største energilager, på nesten 8 TWh) og fekk sjå dei enorme dimensjonane eit slik vassdrag og magasin inneber.

Neste dag var det omvising i Røldal/Suldal vassdraget. Der fekk vi sjå Hydro si oppgradering av kraftstasjon og dammar, samt kor store utfordingar det er å jobbe inne i fjellet og høgt til fjells.

Dette er ein stor kontrast til den elles binære verden (datamaskin) vi kjenner vassdraga gjennom. Takk for ein flott tur og fortsett å ta godt vare på arvesølvet vårt!

0 kommentarer på “Nye metodar for driftsplanlegging av vasskraft

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *